Bør det norske oljefondet trekkes ut av Israel?
 
Likestilt sidemål

"Nynorsk og bokmål er lingvistisk sett to variantar av norsk språk som har status som likeverdige målformer. Som skriftformer fungerer dei som eigne språk; dei er formelt likestilte skriftspråk i offentleg bruk. Nynorsk og bokmål har dermed nøyaktig den same offisielle status. (...) Likevel, det gjennomgåande biletet når vi ser landet under eitt, er at nynorsk er eit språk som er diskriminert. Ikkje minst slår dette ut overfor brukarane av språket. Særleg gjeld det innanfor privat sektor, men det er i høg grad tilfellet også innanfor det offentlege."

 Regjeringa.no

Noreg har to målformer, og begge er ein viktig del av den norske kulturarva og må bli tatt vare på. Sidemålsundervisninga bør bli gjennomgått for å sjå korleis den kan bli styrka, spesielt med tanke på å betre elevane sine haldningar til sidemål. Det er viktig at det kjem fram at problemet ikkje er språket elevane lærer, men måten dei lærer det på.

AUF i Oslo ønskjer eit sidemålsfag som lærer elevane sidemålet sitt på ein ordentlig måte. Vi meiner dette kan gjerast gjennom å lese meir valfri litteratur, høyre på dialektar og gjennom å fokusere meir på språkkultur.

Vi meiner òg at karakteren i sidemålsfaget kan avskaffast. Dette må likevel skje på sikt, då det nye faget må få djupn blant elevane først. Etter ti år vil altså karakteren gå bort, og elevane si kompetanse i sidemålsfaget vil i staden vere med på å påverke den skriftlege norskkarakteren. Sidemålet vil altså bli integrert i norskfaget.

Ei naturleg følgje av endring i faget må vere at lærarane får grundigare oppfølging av sidemålsopplæringa i utdanninga si, slik at elevar ikkje møter negativitet når det gjeld sidemålet.

For å likestille dei to språka, samt gjere det lettare for elevar å lære nynorsk, ønskjer vi at ein tredjedel av skolebøkene ein bruker i skolen skal vere på sidemålet, heilt frå første klasse av. For å få til dette, må læringsbøker på begge målformene vere lett tilgjengelege. Uansett kva sidemål ein har, skal bøkene vere til stade frå første skoledag av.

Skolane får i dag ekstra midler for kvar elev som følgjer Norskpakke 2 (de som får velge bort sidemål). Når det lønner seg for skolane å ikkje tilby elevane eit sidemål, blir haldningene enda dårlegare, og følgeleg undervisninga dårlegare. AUF i Oslo ønskjer at dei ekstra midlane skal gå til elevar som ikkje følgjer Norskpakke 2 i staden.

AUF i Oslo ønskjer at:

  • Det utarbeidast eit nytt sidemålsfag der det leggast vekt på lesing og lytting, framfor pugging av grammatikk
  • Sidemålsopplæringa i lærarane si utdanning blir betre
  • 1/3 av bøkene i bruk i skolen skal vere skrivne på sidemålet, heilt frå første klasse av
  • Lærebøker skal vere lett tilgjengelege på begge målformer
  • Karakteren i faget avskaffast 10 år etter at det nye faget er innført
  • Dei ekstra midla som i dag blir brukt på Norskpakke 2, skal bli brukt på Norskpakke 1